Mannefallet i svensk langrenn held fram

Etter åtte år i jobben er smørjesjef Urban Nilsson den førebels siste til å gi seg i leiinga i svensk langrenn.
sport

Nilsson har vore tilknytt det svenske langrennlandslaget sidan 2007.

Slutta har òg landslagssjef Rikard Grip og langrennsjef Johan Sares. Trenaren Annika Zell har òg gitt seg.

– Eg har grubla mykje dei siste vekene. Jobben som smørjesjef er noko eg har brunne for i mange år, og det var inga lett avgjerd å ta. Men no har eg valt, og eg kjenner at eg er klar til å ta fatt på nye utfordringar, heiter det i ein kommentar frå Nilsson.

(©NPK)