Giro: Etterlengta siger for Benedetti, Polanc i rosa

Cesare Benedetti har vore hjelperyttar heile proffkarrieren, men torsdag var det 31-åringens tur til å feire etter ein sterk etappesiger i Giro d'Italia.
sport

Den italienske Bora-ryttaren var med i eit tidleg brot på den 158 kilometer lange etappen frå Cuneo til Pinerolo med fleire tøffe stigningar undervegs. Brotet heldt til mål, og Benedetti hadde mest saft igjen i beina då vinnaren skulle kårast.

Fleire gonger vart han nesten hekta av, men han kjempa seg tilbake kvar gong og vann føre landsmannen Damiano Caruso og iren Eddie Dunbar.

Det var den tredje etappesigeren for Bora. Tyskaren Pascal Ackermann vann to massespurtar tidlegare i rittet.

Jan Polanc frå Slovenia var òg med i brotet. Han måtte sleppe dei beste med 25 sekund mot slutten av etappen, men han overtar den rosa leiartrøya med god margin. Landsmannen Primoz Roglic klatra til ein andreplass, men er ikkje mindre enn 4.07 minutt bak etter tolv etappar.

Valerio Conti, som har sykla i den rosa trøya i ei veke, mista henne som venta torsdag, men beit seg fast på tredjeplassen snautt fem minutt bak den nye leiaren, som er lagkamerat i UAE-stallen.

Utbrytarane var på eitt tidspunkt over eit kvarter føre feltet med samanlagtfavorittane, men forspranget skrumpa mykje mot slutten. Fire mil før mål venta den store utfordringa i etappen i form av Montono-stigninga, som er 8,8 kilometer lang og har ein gjennomsnittleg stigningsprosent på 9,5.

Gianluca Brambilla var førstemann over toppen, og han erobra dermed klatretrøya.

Miguel Ángel López frå Astana-laget jobba hardt for å ta igjen noko av tida han tapte på tempoetappen på søndag, og han greidde å ta 29 sekund på resten av samanlagtfavorittane.

Fredag ventar ein knallhard fjelletappe med tre vanskelege stigningar.

(©NPK)