Real Madrid-stjerne forlengde

Real Madrid er samd med midtbanestjerna Toni Kroos om ei forlenging av kontrakten til tyskaren. 29-åringen blir no i klubben til 2023.
sport

Sesongen har vorte eit mareritt for Real Madrid, men måndag fekk supporterane til den spanske hovudstadsklubben etterlengta gode nyheiter.

Toni Kroos hadde opphavleg kontrakt med Real Madrid fram til 2022, men no er ytterlegare eitt år plussa på avtalen.

Midtbaneprofilen kom til Madrid frå Bayern München i 2014 og har sidan bidratt til eitt ligameisterskap og tre meisterligatriumfar.

Han står totalt bokført med 233 kampar og 13 mål for klubben.

(©NPK)