Kulturdepartementet med millionstøtte til nytt toppidrettssenter

Regjeringa løyver 3 millionar kroner til arbeidet med eit nytt nasjonalt toppidrettssenter. – Ein milepæl for norsk idrett, seier idrettspresident Tom Tvedt.
sport

Det er første gong at regjeringa gir ei tilleggsløyving frå spelemidla til toppidretten. Normalt får norsk idrett tilført middel frå spelemidla éin gong i året.

Måndag heldt Olympiatoppen, Norges idrettsforbund (NIF) og kulturminister Trine Skei Grande (V) pressekonferanse der dei kunngjorde at regjeringa går inn med 3 millionar kroner av spelemidla til eit forprosjekt i arbeidet med å realisere eit nytt nasjonalt toppidrettssenter.

Idrettsforbundet bidrar med eit tilsvarande beløp.

– Først og fremst er dette ein ny milepæl for norsk idrett. Desse pengane, til saman 6 millionar, gjer at vi kan setje oss ned og lage ein ordentleg plan og ein behovsanalyse over kva vi treng i framtida for å levere dei resultata som er forventa av norsk idrett, seier idrettspresident Tom Tvedt til NTB.

Ser behovet

Kulturminister Grande anerkjenner behovet for å oppgradere og fornye toppidrettssenteret i Oslo.

– Olympiatoppen og toppidrettssenteret på Sognsvann har ein stor del av æra for at Noreg gjer det godt i internasjonal toppidrett. Toppidrett er ein del av den statlege idrettspolitikken, og eg ønsker å bidra til at vi òg i framtida kan oppleve norske idrettsprestasjonar i verdsklasse, seier Grande.

Ho understrekar samtidig at tilskotet til forprosjektet ikkje inneber nokon lovnad om vidare støtte til prosjektet med eit nytt toppidrettssenter.

Rosar kulturministeren

3 millionar kroner er heller ikkje mykje pengar i den store samanhengen – det har vore antyda at heile prosjektet får ein prislapp på éin milliard – men kulturministeren sender eit viktig signal med den historiske løyvinga.

– Vi er veldig glade for det kulturministeren gjorde i dag. Og så veit vi at dei førebur seg til å skrive ei ny idrettsmelding. Eg har hatt eit veldig godt samarbeid med Trine Skei Grande, og eg opplever at ho lyttar og ser på rammevilkåra for norsk idrett og norske idrettsutøvarar med mål om å legge forholda betre til rette for framtidige toppidrettsutøvarar, seier Tvedt.

Ikkje minst er det viktig å få den nødvendige støtta til å starte forprosjektet i ei sak som er jobba med i mange år allereie. Målet med det nye toppidrettssenteret er naturleg nok at Noreg skal slå frå seg i store, internasjonale meisterskap også i framtida.

– Vi har ikkje mykje tid å miste om vi skal halde tritt med andre nasjonar på utviklingsbiten. Vi er langt bak når det gjeld pengar som blir brukte på toppidrett. Styrken vår har vore det fellesskapet som er på Olympiatoppen, i tillegg til dei åtte regionale toppidrettssentera. Men vi er nøydde til å utvikle oss for å halde følgje med dei nasjonane vi konkurrerer mot, seier idrettspresidenten.

– Ein stor siger

Kommande helg er det idrettsting på Lillehammer, og Tvedt er glad for å kunne reise dit med ei fersk melding om at arbeidet med eit nytt toppidrettssenter kan starte.

– Det er særs viktig at dei (regjeringa) går om bord. Og eg er også glad for at blant andre Noregs idrettshøgskule er med i prosjektgruppa. Og for meg som skal på tinget, må eg nok seie at dette er ein av dei største sigrane eg har fått til, seier idrettspresidenten.

NIFs valkomité har innstilt Sven Mollekleiv som ny idrettspresident, medan Berit Kjøll nyleg dukka opp som motkandidat. Tvedt ønsker å halde fram i toppjobben, men er førebels ikkje foreslått som kandidat.

(©NPK)