Molde kollapsa, Kristiansund vann etter kjempetabbe

Molde leidde 2–0 borte mot Kristiansund og såg ut til å vere på veg mot tre nye poeng. Så rakna serieleiaren fullstendig og tapte 3–2 i lokaloppgjeret.
sport

Avgjerda kom ti minutt etter pause. Ein kjempetabbe av Molde-keeper Andreas Linde gav Liridon Kalludra moglegheita til å trille inn den avgjerande scoringa etter eit forrykande lokaloppgjer.

Ohi Omoijuanfo og eit sjølvmål hadde gitt gjestene 2-0-leiing, men Bendik Bye og Christophe Psyche utlikna før pause. Så kom altså avgjerda etter ein stor keeperblemme.

Dette var Moldes andre tap for sesongen. Romsdalingane står no med 19 poeng. Kristiansund har på si side 16 etter den fjerde straken sigeren sin i Eliteserien.

Ellevill førsteomgang

Molde-trenar Erling Moe overraska med å benke den største stjerna si Magnus Wolff Eikrem i kampen på torsdag.

Laga hans skulle likevel ikkje bruke lang tid på å skake rivalen på bortebane. Seks minutt var spelte då Erling Knudtzon fossa framover og gav ballen til Fredrik Aursnes. Han la inn i feltet, og på bakre stolpe banka Ohi ballen i nettaket.

Heimelaget prøvde å svare, og fem minutt etter Moldes leiarmål var dei nær scoring. Flamur Kastrati vart spelt gjennom, og frå god posisjon fekk han avslutta godt. Keeperen til gjestene var med på notane og redda.

Også Torgil Gjertsen testa skotfoten for heimelaget, men avslutninga vart blokkert.

Så small det frå Molde igjen. Eit frispark vart slått inn på bakre stolpe, og ein klønete Bendik Bye sette ballen i eige mål i duell med Ohi. Dermed stod Kristiansund overfor ei enorm oppgåve.

Bye brukte likevel ikkje lang tid på å reparere skaden. Omtrent rett frå avspark fossa heimelaget i angrep. Ballen enda hos Bye, som banka inn reduseringa via Vegard Forren.

Og sju minutt etter var laga likt. Eit frispark vart slått inn i feltet, Christophe Psyche stakk ut foten og ballen gjekk ned i det høgre hjørnet.

Like etter kunne Molde vore tilbake i føringa. Forren heada på ein corner, men Kristiansund-keeper Sean McDermott hindra.

Kjempetabbe

Førsteomgang var forrykande, og den andre omgangen starta òg med eit smell. Berre eit drygt minutt ut i omgangen var heimelaga nær ved å fullføre snuoperasjonen. Kastrati kom til avslutning i feltet, men Martin Bjørnbak fekk blokkert på streken.

Målet kom cirka ti minutt etterpå. Molde-keeper Andreas Linde prøvde å drible som bakarst mann. Liridon Kalludra las keeperen og pirka inn 3–2. Dermed var snuoperasjonen eit faktum.

20 minutt før slutt fekk Thomas Amang moglegheita til å punktere kampen mot klubben han er på utlån frå. Kristiansund-spissen vart spelt gjennom, men frå fin posisjon skaut han i nettveggen.

To minutt seinare var same mannen på farten, men ei glimrande Forren-takling forhindra ein stor sjanse.

Så var det gjestene sin tur til å få ein stor sjanse. Innbytar Eikrem fann Ohi, men spissen klarte ikkje overliste McDermott.

Gjestene heldt fram å presse på. Bjørnbak fekk ei eventyrleg moglegheit til å redde poeng, men klarte ikkje setje headinga frå kjempehald i mål. Så var det Ruben Gabrielsen sin tur til å prøve seg, men heller ikkje han klarte å score.

Dermed enda det med ein overraskande Kristiansund-siger dagen før nasjonaldagen.

(©NPK)