Dramatisk siger for Ruud då urokråka Kyrgios storma av banen

Casper Ruud stoppa Nick Kyrgios i 2. runde av Master-turneringa i tennis i Roma. Motstandaren vart diska etter støyande åtferd.
sport

Kyrgios mista fullstendig hovudet i starten av tredje settet då Ruud utlikna til 1–1. Då hadde han allereie fått poengstraff for krangling med dommaren, serva underarmsserver og slått ballen mellom beina.

Så, etter at Ruud utlikna, utveksla først australiaren nokre ukvemsord med dommaren, før han kasta racketen i bakken og kasta ein stol inn på banen.

Kyrgios valde deretter å pakke sekken, takke Ruud og dommaren for kampen og forlate banen. Dermed vart han diskvalifisert, sjølv om det var vanskeleg å sjå om han fekk matchstraff av dommaren før han storma ut.

Kyrgios er ein tennisrebell som fleire gonger tidlegare har slite med å oppføre seg på banen. I 2015 møtte han Stan Wawrinka og slengde med leppa. Det vart fanga opp av mikrofonar, og i etterkant vart han utestengd frå tennisen i 28 dagar, og dessutan pålagt ei klekkeleg bot. Torsdag følgde han opp med eit nytt negativt kapittel.

– Dette er det verste og mest usportslege eg har sett nokon gong på ein tennisbane, seier Lele Cathrine Ruud, Casper Ruuds mor, til NRK.

Møter råtøff argentinar i tredje runde

Sigeren til Ruud over Kyrgios, som i 2016 var ranka som nummer 13 og som no er nummer 36 på verdsrankinga, gjer at nordmannen møter Juan Martin del Potro i tredje runde

Den kampen blir seinare spelt torsdag.

Og om Kyrgios var rekna som ein tøff motstandar å bryne seg på for Ruud, er Del Potro endå eit hakk opp for nordmannen. Del Potro har vunne 22 titlar i karrieren, av dei éin US Open-siger (i 2009 over Roger Federer i finalen).

I tillegg har han tapt éin US Open-finale (i 2018, for Novak Djokovic) og har eit sølv frå Rio de Janeiro-OL i 2016 (tap i finalen for Andy Murray). Del Potro er ranka som nummer ni i verda og var nummer tre i august 2018.

Kjempeopning av Ruud

Ruud spelte særs godt i opninga. Han låg under 0–30 i det første settet, men snudde og vann i eigen serve.

Så braut nordmannen då Kyrgios serva. På nytt leidde australiaren 30-0, og endå ein gong viste Ruud musklar. 20-åringen snudde igjen og tok leiinga 2–0. Og då Ruud vann fire av fire ballar med eigen serve og gjekk opp til 3-0, byrja Kyrgios å slå ballen mellom beina og serve med underarmsserver.

I tillegg klaga han mykje på dommarane i pausane og verka tidvis uinteressert på grusen i Roma.

Etter at dei tok kvart sitt game til 5-3, vann Ruud i eigen serve og tok det første settet 6–3.

I det andre settet vart det jamnare. Ruud viste krefter igjen og braut i det sjuande gamet til 4-3-leiing.

I den perioden vakna Kyrgios frå dvalen og byrja å showe mykje ute på banen. Settet måtte avgjerast i tiebreak. Der var Kyrgios best med 7–5. Han feira med å kaste vassflasker opp til publikum.

Humøret endra seg fort. Nokre minutt seinare måtte Kyrgios pakke utstyret og forlate grusen i Roma. Då hadde han først kasta ein racket i bakken før ein stol flaug ut på banen.

(©NPK)