Tyskland utvidar bruken av videodømming

Det tyske fotballforbundet utvidar bruken av videodømming (VAR) til 2. Bundesliga frå neste sesong.
sport

– Alle nødvendige tiltak er tatt, slik at den nødvendige teknologien vil vere tilgjengeleg frå byrjinga av sesongen, seier president i det tyske fotballforbundet (DFB), Reinhard Rauball.

VAR vart innført før 2017/18-sesongen i tysk 1. Bundesliga.

(©NPK)