Kapteinen: – Vi er lenger unna dei beste

Landslagskaptein Jonas Holøs såg betring mot Sveits, men dei norske ishockeyherrane kom ikkje nærare enn 1–4 i VM-kampen på onsdag.
sport

Tapet betyr at Noregs kvartfinalesjanse i Slovakia er ute. I staden blir det ein intens kamp for å unngå nedrykk frå elite-VM.

Noreg har for første gong sidan opprykket til A-nivået i 2005 tapt dei fire første VM-kampane. Samtidig har nederlaga komme mot svært gode lag.

– Det har vore eit tøft program her. I fjor starta vi med Latvia og Tyskland og tok poeng. Så det blir litt feil å sjå på det sånn. Men vi veit at vi må vinne i dei neste kampane, eller så rykker vi ned. Det er klart det ligg i bakhovudet, seier Holøs til NTB.

Slit mot topplaga

Han har spelt kvart einaste VM for Noreg frå og med 2006. Dermed har han vore med på tre kvartfinalar. Årets lag er ikkje i nærleiken av å blande seg inn blant dei fire beste i gruppe B.

– Eg synest vi er lenger unna dei laga som spelar for kvartfinale enn før. Men vi skal bevise at vi høyrer til i A-gruppa og klare å sikre plassen, meinte Holøs.

Fasiten etter kampane mot Russland, Tsjekkia, Sverige og Sveits er null poeng og 6–25 i målskilnad. Onsdag var det rett nok betring å spore.

– Eg synest vi kjempar og slit og gjer ein bra jobb i dag. Men vi taper for eit betre lag, seier Holøs og utdjupar:

– Det er ikkje noko å seie på innsatsen, men vi gjer nokre feil, og det blir tøft når dei scorar. Og så er det for dårleg i overtal, vi må sjå kva vi kan gjere betre der. Vi er ineffektive, men sveitsarane gjer det òg vanskeleg for oss.

– Mange hakk opp

Landslagstrenar Petter Thoresen gledde seg over at det var progresjon frå 1-9-tapet mot Sverige måndag.

– Vi spelar ein mykje betre kamp, så då kjem vi nærare. Men ikkje nær nok til å ta poeng. Vi gjer nokre feil som straffar seg veldig, sidan dei scorar på dei. Men eg synest strukturen og måten vi jobbar på i dag er mange hakk betre, seier Thoresen til NTB.

Han leier eit lag som slit med å score. Noreg må både bli betre i overtal og meir effektive.

– Austerrike er gode dei òg. Vi må spele bra for å slå dei og score fleire enn eitt mål. Men samtidig må vi halde fram å ha søkjelys på det defensive for å ha sjanse til å vinne, seier landslagstrenaren.

(©NPK)