Storavis om Solskjærs stjerner: – Dei behandlar United som etter ei skilsmisse

Ole Gunnar Solskjær sine storstjerner behandlar Manchester United med forakt, som etter eit brot med kjærasten. Det meiner ein engelsk kommentatorprofil.
sport

Martin Samuel i avisa Daily Mail klinkar til mot Paul Pogba, David de Gea og Romelu Lukaku.

– Dersom det er eitt signal for kor djupt United har falle, er det at dei store namna i klubben behandlar den som om den er klar for eit nedrykk: Manglande respekt, egoistisk manipulasjon av omstenda og å ikkje bry seg, skriv Samuel.

– Klubbar som rykk ned blir sett på med forakt av spelarar. Det same er i ferd med å skje i United. Nokre spelarar steller seg til klubben sin manglande suksess som om dei skulle ha vore gjennom ei skilsmisse.

Trøbbel

– United har ikkje vore i denne situasjonen sidan oppstarten av Premier League. Sjølv ikkje Cristiano Ronaldo sette seg over klubben. Og han oppnådde suksess som berre vil vere som ein draum for generasjonen i dag.

Solskjær har hamna i ei fæl blindgate av sjeldan sort for United. Ikkje sidan tidleg på 1960-talet har klubben hatt sju tap, ein uavgjort og to sigrar over ein periode på ti kampar.

Søndag speler United borte mot jumbo Huddersfield før sesongen blir avslutta heime, mot Cardiff.

Solskjær starta strålande i jobben. Han fekk smilet tilbake i troppen, vann kamp på kamp og fekk laget vidare i Champions League. Etter han blei tilsett i mars har klubben sine resultat vore dårlege.

(©NPK)