Frisk Asker vann sitt første NM-gull i ishockey på 17 år

Frisk Asker var minutt unna å avgjere i ordinær tid, men vart likevel noregsmeister i ishockey etter 3–2 over Storhamar etter forlenging i finalekampen på måndag.
sport

Christian Kåsastul sette inn Frisks vinnarmål to minutt og 19 sekund ut i overtidsperioden. Det skapte elektriske scener i Askerhallen. For første gong sidan 2002 stakk Frisk av med «bøtta» etter 4-2-siger samanlagt i finaleserien.

Heimelaga vart hardt pressa i oppgjeret på måndag, og med under fire minutt igjen kom ògså 2-2-scoringa som gav speleforlenging. Utlikninga stod Lars Østli for.

Storhamar måtte starte «sudden death» i undertal. Rett før pausesignalet vart Aaron Irving utvist til sterke protestar frå gjestene. Sekund etter at gjestene var alle igjen, slo Kåsastul til og avgjorde.

Marginar

Frisk sikra NM-tittelen med svært effektiv ishockey. Storhamar pepra målvakt Nicklas Dahlberg med skot, men svensken stod igjen ein bunnsolid kamp. I tillegg hadde Frisk marginane på si side, medan dei tilreisande frå Hamar fekk både stolpetreff og to scoringar annullerte.

Storhamar leid ògså av å ha kapteinen sin og storstjerne Patrick Thoresen ute med skade i oppgjeret på måndag.

Før sluttspelet var det få som trudde askerbøringane skulle gå heile vegen. Dei fleste spådde exit i semifinalen mot seriemeister Vålerenga, men dei oransjekledde ville det annleis. Også i finalen lykkast Frisk til gangs i underdog-rolla.

Mats Frøshaug gjorde det første målet i kampen etter 5.26 då han vart servert pucken av Garreth Thompson. Også det skjedde etter overtalsspel.

Revansj

Deretter kom utlikninga etter 25.40. Troy Josephs setje inn ein retur frå Dahlberg. På det tidspunktet var Frisk Asker i undertal etter at Victor Björkung hadde vorte utvist for å ha spelt vidare utan hjelm.

Heilt mot slutten av spelet la Sebastian Johansen på til 2–1 åleine med målvakt Oskar Östlund. Storhamar vart straffa for å rote bort pucken. Frisks poengkonge Hampus Gustafsson stod for assisten.

Storhamar hadde herja i midtperioden, men bortelaget fekk usedvanleg dårleg betalt for det klare overtaket sitt. På tampen av perioden var Dahlberg spelt ut då pucken var fri, men Storhamar skaut i stolpen.

NM-gullet, som er Frisks fjerde, vart òg ein revansj for Asker-klubbens finaletap i 2008. Den gong vann Storhamar 4–2 samanlagt.

(©NPK)