Dette har Warholm aldri gjort før

I jakta på å forsvare VM-gullet han vann på 400 meter hekk i London for to år sidan, må Karsten Warholm (23) gjere noko han aldri har gjort før.
sport

Det kjem av at verdsmeisterskapet i år blir arrangert seinare enn nokosinne. Først 27. september startar det i Doha i Qatar.

Fram til no har sesongopplegget vore likt som før, men i sommar blir det annleis. Warholm og trenar Leif Olav Alnes må ta grep.

– Førebels har ikkje eit seint VM hatt nokon innverknad på jobben vi har lagt ned, men det får innverknad på korleis vi legg opp sommarsesongen. Vi kjem til å legge inn ei treningspause midt i, og det er noko vi aldri har gjort før. Før har vi prøvd å flyte på forma utan å lade opp på noko vis. Der er vi privilegerte med tanke på det grunnlaget vi har lagt opp gjennom vinteren. No blir det ein treningsperiode, og kanskje blir vi òg meir selektive med tanke på konkurransar fordi VM i Doha går så seint, sa Warholm då NTB møtte han på trening i Oslo sist veke.

Warholm såg kvikk og opplagt ut der han gjennomførte økta saman med hekkegjengen Amalie Iuel, Elisabeth Slettum og Solveig Hernandez Vråle på Olympiatoppen i Oslo.

Uproft

– Korleis ser du på at du må bryte det opp med ein treningsperiode om sommaren?

– Vi må berre gjere det som skal til. Det er noko av det vi er best til, å ta dei forholda vi er gitt og snu det om til vår eigen fordel. Det er berre å sjå på det som eit konkurransefortrinn alt som går utanom normalen.

Men sunnmøringen frå Ulsteinvik er ikkje berre glad for at VM i Doha og det kommande OL i Tokyo kjem så tett på kvarandre. Tokyo-OL startar 24. juli neste sommar.

– Eg er ikkje veldig happy med at ein set eit stemne så seint på året når OL startar så tidleg året etter. Det er ultra-uproft. Eg håper vi slepp å sjå noko sånt igjen, men når vi først er der så ordnar vi det.

– Det blir ikkje lange pausen til å trene deg opp igjen?

– Nei, det er veldig omsynslaust.

Trener Leif Olav Alnes er samd med eleven sin, men er ikkje veldig bekymra. Han poengterer at konkurrentane òg får like lite tid til å trene seg opp igjen til ein ny sesong.

– Kvart eit avvik gir moglegheiter. Alle former for vanskar kan tynne ut i rekkene med dei du konkurrerer med. Lykka står den kjekke bi. Vanskar, motvind, regn, kva som helst der det er ein konkurranse så er det fordel til den som handterer det. Eg er veldig samd i det Karsten seier, men sånn er det. Ikkje noko av det vi seier eller gjer kan påverke dei avgjerdene som er tatt, og då må vi gjere tiltak som er ein fordel for oss, sa Alnæs.

Svarteper

Alnæs er òg klar på at det nye opplegget inneber at også Team Warholm kan gå i grøfta og bli sittande igjen med svarteper.

– Svarteper er spennande. Utan at idretten er spennande, så ville ingen av oss ha ein jobb. Då må du òg akseptere at nokon skal gjere det dårlegare enn forventa. Når det blir eit anna sesongopplegg, så er òg det ei form for spenning, for dette har vi ikkje prøvd på førehand. Då er jobben å redusere det tilfeldige til eit minimum. Viss du leitar etter problem i livet ditt generelt, så vil du finne det, og eg tenker at når problema er store nok så vil dei leite deg opp.

Ikkje noko tyder på at det er tilfellet med verdsmeisteren frå to år tilbake og europameisteren frå EM i Berlin sist år.

– Eg synest at vi ligg bra an i løypa. Vinteren og resultata frå innandørssesongen tyder mykje på det. Eg meiner at vi allereie har bevist at vi har gjort jobben og tatt eit steg vidare. No har vi lagt inn ein veldig, veldig tung treningsperiode med mykje mengde, og det byrjar å nærme seg at vi skal sjå mot konkurransane, sa Warholm.

Høgst truleg sesongdebuterer Karsten Warholm under Diamond League-stemnet i Stockholm 30. mai.




(©NPK)