Tidlegare etappevinnar i Tour de France gav positiv dopingprøve

Den colombianske proffsyklisten Jarlinson Pantano er tatt for EPO-bruk. Han er suspendert frå Trek-laget fram til B-prøven er analysert.
sport

Det opplyste Trek i ei pressemelding måndag. Kort tid etter stadfesta Det internasjonale sykkelforbundet (UCI) at 30-åringen har testa positivt på EPO (bloddoping), skriv procycling.no.

Prøven vart tatt under ein kontroll som vart gjort utanfor konkurranse 26. februar i år. Pantano, som vann ein etappe i Tour de France i 2016, har ikkje sykla sidan opningsdagen i Catalonia rundt førre månad. Han har rett til å be om å få B-prøven analysert.

Trek-laget uttrykker skuffelse over nyheita. I tråd med klubbreglementen er Pantano utestengd frå å konkurrere på ubestemt tid.

Pantano vann sist eit løp i mars i fjor. Då snytte han Vegard Stake Laengen for ein etappetriumf i Catalonia rundt. I to sesongar var colombianaren på lag med Sondre Holst Enger i IAM. Også Laengen var i ein periode ein del av stallen saman med Pantano.

(©NPK)