Kenya-jubel etter thriller i Boston maraton

Lawrence Cherono frå Kenya slo 2015-meisteren Lelisa Desisa i spurten og vann Boston maraton i debuten måndag. Worknesh Degefa vann kvinneklassen.
sport

Cherono kom seg forbi rivalen dei siste meterane før mål. Han vart klokka inn på tida 2.07.57, medan Etiopia-stjerna Desisa var to sekund bak. Den siste pallplassen gjekk til kenyanaren Kenneth Kipkemoi.

Trioen braut seg laus frå feltet då det var nokre få kilometer igjen av maratonklassikaren. Desisa, som vart verdsmeister i 2013, såg ut til å vere på veg mot ein ny Boston-triumf då han sette inn støyten då det var 200 meter igjen. Men Cherono ville det annleis.

Cheronos vann i det som for han var debuten i Boston-maratonen. Trettiåringen hadde frå før seks maratontitlar å vise til.

I kvinneklassen vart det etiopisk sigersjubel. Worknesh Degefa stakk frå konkurrentane og sprang dei siste 30 kilometrane åleine i teten. Ho vann med tida 2.23.29. Det er den første store maratontittelen hennar.

Degefa er den åttande i rekka av etiopiarar som har vunne kvinneutgåva av Boston maraton og den tredje på sju år.

(©NPK)