Windingstad vart noregsmeister i alpinkombinasjon då danske vart toar

Rasmus Windingstad tok eit klart NM-gull i superkombinasjon. Christoffer Faarup frå Danmark vart nummer to. Kajsa Vickhoff Lie vann kvinneklassa suverent.
sport

Windingstad låg heile 2,12 sekund bak leiande Faarup etter utfordelen onsdag, men køyrde seg betrakteleg opp i torsdagens slalåmdel og vann 0,62 sekund føre dansken i Hemsedal.

17 år gamle Oscar Zimmer tok bronsen, medan Karl-Erik Jøssund (18) vart nummer fire. Sidan Faarup er dansk, er han ikkje med i kampen om noregsmeisterskapen. Dermed vart det NM-sølv på Zimmer og -bronse på Jøssund.

Kjetil Jansrud låg på 7.-plass etter utfordelen, men fullførte ikkje slalåmrennet. Adrian Smiseth Sejersted følgde på plassen bak, men stilte ikkje til start torsdag.

Kajsa Vickhoff Lie var i ei klasse for seg og vart noregsmeister 1,61 sekund føre Maren Skjøld. Marte Monsen tok bronse.


(©NPK)