Pedersen slo til med verdscupsiger

Para-alpinisten Jesper Saltvik Pedersen vann verdscuprennet i slalåm La Molina i Spania fredag.
sport

Triumfen var kjærkommen etter at 19-åringen tidlegare i veka hadde stong ut i storslalåm med to fjerdeplassar og éin tredjeplass.

Han leier verdscupen når tre slalåmrenn står att. Også i fjor vann Pedersen totalcupen samanlagt. Nyleg tok alpinisten frå Karmøy fire medaljar i para-VM.

– Eg kan nesten ikkje forvente meir enn dette. Det er herleg å vere tilbake med siger, spesielt etter at det ikkje gjekk heilt bra i storslalåmen tidlegare denne veka, seier Pedersen.

Under Idrettsgallaen i januar vart han kåra til årets mannlege funksjonshemma utøver i 2018.

(©NPK)