Noreg toar i lagkonkurransen i verdscupfinalen alpint

Noreg vart nummer to i lagkonkurransen i verdscupfinalen alpint. Noreg leidde 2–0 over Sveits i finalen, men det enda 2-2, og sveitsarane sikra sigeren på tid.
sport

Thea Louise Stjernesund knuste Aline Danioth i den første duellen og slo henne med 0,90 sekund. Leif Kristian Nestvold-Haugen følgde opp med siger over sterke Ramon Zenhäusern. Sveitsaren var fremst då han gjorde ein stor feil langt nede i løypa og tapte masse tid. Dermed fauk nordmannen forbi og vann med 0,85 sekund.

Då var sigeren veldig nær for dei norske, men Sveits lét seg ikkje vippe av pinnen. Wendy Holdener køyrde særs godt og slo Mina Fürst Holtmann med 0,48 sekund, og dermed var det opp til Sebastian Foss Solevåg i duell med Daniel Yule.

Solevåg hadde vore Noregs beste og vunne begge duellane sine tidlegare i konkurransen, men han var uheldig og mista den eine staven. Han drog òg med seg ein port nedover i løypa og vart slått med 0,39 sekund. Med 2–2 blir vinnartidene lagt saman. Nestvold-Haugens 21,13 og Stjernesunds 22,17 var 0,37 sekund dårlegare enn Yules 20,91 og Holdeners 22,02.

Tyskland tok tredjeplassen i lagkonkurransen.

Noreg slo ut Frankrike på tid etter 2–2 i kvartfinalen, før overraskingslaget Canada vart slått 3–1 i semifinalen. Canadiarane overraska med 4-0-siger over Austerrike i kvartfinalen etter å ha slått ut vertslaget Andorra i ein innleiande runde.

I kvartfinalen vann Solevåg og Stjernesund duellane sine med høvesvis Julien Lizeroux og Coralie Frasse Sombet. Holtmann tapte for Tessa Worley og Nestvold-Haugen for Clement Noel, men Noregs vinnartider var til saman 0,36 sekund betre enn Frankrikes.

I semifinalen vart Holtmann så vidt slått av canadiske Erin Mielzynski i første duell, men Noreg slo tilbake og vann dei tre siste. Solevåg utklassa Benjamin Thomsen, medan Laurence St-Germain køyrde ut i duellen sin med Stjernesund. Nestvold-Haugen avslutta ved å slå Trevor Philp i ein jamn duell.

Philp vart slått med fem hundredels sekund, men sjølv om han hadde snike seg føre og utlikna til 2–2 måtte han ha køyrt fleire tidelar raskare for å hindre at Noreg gjekk føre på tid igjen.

(©NPK)