Meisterfinalen i fotball er avlyst, laga møtest likevel

Meisterfinalen i fotball mellom Rosenborg og Molde, som skulle spelast på Ullevaal stadion søndag, er avlyst på grunn av at det er venta store nedbørsmengder.
sport

Dei to laga har vorte samde om å møtast søndag likevel, men det blir i ein vanleg treningskamp i Abrahallen. Det opplyser Rosenborg og Molde på nettstadene sine.

Tysdag 26. mars speler Noreg EM-kvalifiseringskamp mot Sverige på Ullevål, og med den varsla nedbøren fryktar ein at banen skal bli øydelagt ved spel søndag.

– Vi beklagar dette overfor alle som har gledd seg til kamp, seier konkurransedirektør Nils Fisketjønn i Norges Fotballforbund i ei pressemelding.

Forbundet vurderte å flytte kampen, men vil i samråd med Norsk Toppfotball og rettshavarane sjå på om kampen kan spelast seinare i år.

Alle som har kjøpt billett, får pengane refunderte ved å kontakte Ticketmaster.

(©NPK)