Manchester United møter Barcelona i kvartfinalen i meisterligaen

Ole Gunnar Solskjær og Manchester United fekk ei knalltøff trekning i meisterligaen. Dei møter i Barcelona i kvartfinalen
sport

Det vart klart under trekninga på fredag i Nyon. Dermed betyr det at Ole Gunnar Solskjær og hans menn skal bryne seg på Lionel Messi og co.

– Eg bryr meg eigentleg ikkje så mykje kven vi møter. Det blir tøft uansett dersom du skal vinne, sa Solskjær i forkant av trekninga.

Solskjærs United vart klar for kvartfinalen etter ein sensasjonell snuoperasjon mot Paris Saint-Germain. Engelskmennene låg under 0–2 etter heimekampen, men etter 3-1-siger i Frankrike vart dei det første laget til å gå vidare etter å ha tapt med to mål på heimebane sidan 1969.

Dette er første gong klubben er i kvartfinalen i Meisterligaen sidan 2014. Då vart det tap for Bayern München. Sist laget kvalifiserte seg for semifinale, var i 2011. Då enda det til slutt med finaletap mot Barcelona.

(©NPK)