Johansson skuffa og tapte mykje i Raw Air-toppen

Robert Johansson var ikkje i nærleiken av å ta innpå Raw Air-leiar Stefan Kraft i skiflygingsbakken i Vikersund fredag. Luka vart i staden mykje større.
sport

Lillehamringen fekk det ikkje til å klaffe og landa på berre 212,5 meter. Det heldt til ein åttandeplass i kvalifiseringa til avslutningsrennet søndag. Kraft hoppa 230 meter.

Dermed gjekk samanlagt-trearen Johansson frå å vere 15,2 poeng bak austerrikaren til å vere hekta av med 38,3 poeng. Kraft leier Raw Air 6,6 poeng føre verdscupvinnar Ryoyu Kobayashi, som vann kvalifiseringa med det lengste svevet denne kvelden, 232 meter.

– Dessverre vart det litt for tynt. Kraft treffer 100 prosent og tar med seg fart nedover. Det klarte ikkje Robert, sa Noregs landslagssjef Alexander Stöckl til NRK.

Etter hoppinga fredag var han ikkje sterk i trua på ein norsk samanlagtvinnar i Raw Air.

– Det blir vanskeleg. 40 poeng er mykje, sa Stöckl.

Seks av sju norske hopparar er klare for rennet på søndag. Thomas Aasen Markeng, som VM-debuterte i Seefeld nyleg, vart slått ut etter eit svev på 184 meter og 48.-plass. Dei 40 beste gjekk vidare frå kvalifiseringa.

Johann André Forfang vart som nummer ti den nest beste av dei norske. Tromsøværingen landa på 210 meter. Deretter følgde Marius Lindvik på 21.-plass etter eit hopp på 202 meter, medan Anders Fannemel fekk ein opptur. Hornindal-hopparen har slite svært tungt i vinter, men fredag kunne han gle seg over at han tok seg vidare med 197 meter og ein 30.-plass.

Rett bak følgde Robin Pedersen (196 meter) og Halvor Egner Granerud (193,5).

Laurdag står lagkonkurranse på Raw Air-programmet. Fannemel, Lindvik, Forfang og Johansson hoppar då for Noreg.

(©NPK)