Fann tre ulike steroid i prøven til vektløftar frå London-OL

Florin Ionut Croitoru, tidlegare europameister i vektløfting, er suspendert etter at det vart funne spor etter tre ulike steroid i prøven hans frå London-OL.
sport

Prøver frå tidlegare OL blir stadig analysert om igjen med nye metodar, og prøven til rumenaren frå 2012 inneheldt altså indikasjon på at han hadde brukt fleire ulike dopingmiddel. Croitoru vart nummer ni i 56-kilosklassen i London-leikene.

Fleire enn 30 andre vektløftarar frå ulike land, mellom dei 16 medaljevinnarar, er avslørt gjennom nye analysar av dopingprøver gitt frå seg under leikene.

Ei utestenging av Croitoru kan òg få konsekvensar for EM-tittelen hans i 62-kilosklassen frå 2013. Han vart eigentleg nummer fire i det europameisterskapet, men fekk gullet etter at alle dei tre opphavlege medaljevinnarane vart tatt for doping.

Alle dei åtte første på resultatlista i det stemnet er no tatt for doping på eit tidspunkt i karrieren sin.

(©NPK)