VM-vinnar Gordon Banks er død

Gordon Banks, som vakta målet då England vart verdsmeister i fotball i 1966, er død. Det melder BBC. Han vart 81 år gammal.
sport

Banks vart i si tid rekna som den beste keeperen i verda. Han vart seks gonger kåra til årets målvakt av Fifa og spelte 73 landskampar for England.

Ei redning han gjorde på ein heading frå Pelé under VM-sluttspelet i 1970 er av mange beskrive som den meste utrulege redninga nokosinne.

Banks vart fødd i Sheffield. Han innleidde proffkarrieren i Chesterfield og kom til Leicester i 1959. Der etablerte han seg som den beste målvakta i ligaen og fekk fast plass på Englands landslag.

Han spelte alle kampane då England vart verdsmeister på heimebane i 1966, med 4-2-siger over Vest-Tyskland i finalen på Wembley som høgdepunkt.

I åtte sesongar med Leicester var han tapande finalist i FA-cupen to gonger og vann ligacupen i 1964. Han signerte for Stoke i 1967. Der spelte han resten av karrieren og vann ligacupen igjen i 1972. Det er framleis den einaste store tittelen til klubben.

Same år mista han synet på høgre auge i ei bilulykke, og det tvinga han til å legge opp.

(©NPK)