OL-meister Krüger vraka til VM-tremila

For eitt år sidan vart Simen Hegstad Krüger olympisk meister på tremil fellesstart med skibyte. Under VM i Seefeld får han ikkje gå den same distansen.
sport

Det vart klart då landslagssjef Vidar Løfshus presenterte det norske laget på distansen under eit pressetreff på Sjusjøen tysdag.

Johannes Høsflot Klæbo, Martin Johnsrud Sundby, Sjur Røthe og Emil Iversen går skibytedistansen i VM.

Kampen om dei fire plassane på det norske tremilslaget har vore hard heilt til siste slutt. Før NM i Meråker nyleg var minst fem løparar høgaktuelle for å få gå.

Emil Iversen sikra plassen sin ved å bli norsk meister på heimebane og hadde Sjur Røthe og Martin Johnsrud Sundby på plassane bak seg. Deretter følgde Simen Hegstad Krüger.

Johannes Høsflot Klæbo mislykkast i Meråker og måtte ta til takke med 20.-plass. Etterpå forklarte han det svake resultatet med tøff trening inn mot meisterskapet.

Landslagsleiinga har enda på at den spurtsterke 22-åringen forsvarar ein plass på tremilslaget i VM. Dermed fall regjerande OL-meister Simen Hegstad Krüger utanfor.

Han må dermed håpe på plass på det norske stafettlaget og den avsluttande femmila i Seefeld.

For Johannes Høsflot Klæbo og Emil Iversen betyr uttaket på tysdag at dei går mot ei heseblesande VM-innleiing. Meisterskapet blir innleidd med sprint i fri teknikk og tremil fellesstart to dagar etter. Dagen deretter skal det kjempast om gull i lagsprint, der Klæbo og Iversen er det sannsynlege norske laget.

(©NPK)