Solskjær med fullt mannskap mot PSG

Manchester United stiller full av sjølvtillit og utan skadar på nøkkelspelarane i meisterligaduellen på tysdag med Paris Saint-Germain.
sport

United-sjef Ole Gunnar Solskjær hadde god grunn til å smile då han møtte til pressekonferanse dagen før storkampen på Old Trafford.

Med unntak av backane Antonio Valencia og Matteo Darmian, som neppe ville spelt ei rolle mot PSG uansett, trente alle United-spelarane på treningsfeltet i Carrington like sørvest for Manchester måndag formiddag.

Ingen har dessutan vunne over United sidan Solskjær tok over som mellombels manager (ti sigrar, éin uavgjort), og alt ser betydeleg betre ut enn då trekninga av åttedelsfinalane til meisterligaen vart gjorde i desember.

– Vi har gitt oss sjølve den best moglege sjansen før denne kampen. Vi får ikkje noko betre tidspunkt å gå inn i ein slik kamp på. Så eg ser verkeleg fram til kampane som kjem no, sa Solskjær.

Fryktar lynraske Mbappé

United har storkampar mot Chelsea (FA-cup) og Liverpool (liga) i vente, men Solskjær ville først og fremst konsentrere seg om møtet med PSG under pressekonferansen.

Nordmannen var nyleg i Paris for å studere motstandaren på tysdag, og han veit at dei har spelarar nok til å erstatte skadde stjernespelarar.

– Alle lag som manglar spelarar som Neymar, Cavani og Meunier, vil merke det. Men det vil gi andre spelarar sjansen. For meg gjer det ting meir uføreseieleg for oss. Når du har sett den angrepstrioen (Kylian Mbappé, Cavani, Neymar) heile sesongen, veit du kva du kan vente. Denne gongen må vi i større grad gjette på korleis dei vil angripe kampen, sa Solskjær – som så fekk spørsmål om kva han fekk ut av Paris-turen.

– Det er vanskeleg å samanlikne kampar. Men det er alltid bra å sjå spelarar «live», for du får eit heilt anna inntrykk. Eg såg kor lynrask Mbappe er, smilte nordmannen.

Europa-minne

Solskjær har sjølv vore med på å vinne Champions League med United. Han erkjenner at det er for lenge sidan Old Trafford-publikummet har fått oppleve ein stor kveld i Europa.

– Ja, det er det. Så vi ser fram til dette, og det gjer spelarane og supporterane. Dei fortener slike spesielle kampar.

– Min siste (storkamp i Europa) var då vil slo Roma 7–1 (i 2007). Eg kom inn og hadde vel ei målgivande pasning, mimra Solskjær.

Samtidig avfeia han blankt at meisterligafotball var avgjerande for at han tok United-jobben før jul.

– Nei. Eg hadde sagt ja om vi ikkje skulle spele mot PSG. Når Manchester United ringer, seier du ja.

(©NPK)