Påtalemakta vil ha fengsel på vilkår for Klæbo

Påtalemakta vil be om ei kortare fengselsstraff på vilkår for skistjerna Johannes Høsflot Klæbo etter bilulykka i desember.
sport

Det opplyser Trøndelag politidistrikt i ei pressemelding.

Klæbo må møte i Sør-Trøndelag tingrett 6. mars. Saka mot han skal opp som tilståingsdom.

«På grunnlag av at påkjørselen medførte personskade av en viss alvorlighet og materielle skader på de involverte kjøretøyene, er påtalemaktens oppfatning at saken er for alvorlig til å avgjøres med bot (forelegg) alene … Påtalemyndigheten vil ved oversendelsen redegjøre for sin oppfatning av kva som er riktig straff, og vil foreslå en kortere betinget fengselsstraff» , heiter det i pressemeldinga.

Klæbo var involvert i ei bilulykke på Byåsen i Trondheim i desember i fjor. Han køyrde i ein annan bil som hadde bremsa for ein fotgjengar, slik at denne bilen vart dytta inn i fotgjengaren. Førarkortet til skistjerna vart rutinemessig beslaglagt rett etter hendinga.

Strafferamma for brot på paragraf 3 i vegtrafikklova, som saka omfattar, er bøter eller fengsel i inntil eitt år.

(©NPK)