Lie og Stjernesund ein del av Noregs VM-lag

Noreg stiller med fire av seks bronsevinnarar frå OL i fjor i lagkonkurransen på tysdag i VM. Kajsa Vickhoff Lie og Thea Stjernesund tek dei to siste plassane.
sport

Laguttaket er ikkje overraskande. VM-debutantane Lie og Stjernesund utgjer Noregs medaljehåp saman med Kristin Lysdahl, Sebastian Foss Solevåg, Leif Kristian Nestvold-Haugen og Jonathan Nordbotten.

Dei fire siste tok førre sesong OL-bronse i Sør-Korea. Den gongen var òg Nina Haver-Løseth og Maren Skjøld ein del av laget. Førstnemnde er for tida ute med skade i lang tid, mens Skjøld ikkje kom med i VM-troppen.

Stjernesund fekk verdscupdebuten sin i slutten av oktober. Då slo 22-åringen til med ein knallsterk 9.-plass i det aller første rennet sitt (storslalåm) på dette nivået.

(©NPK)