Thorsby klar for Sampdoria

Morten Thorsby forlèt Heerenveen til fordel for den italienske Serie A-klubben Sampdoria etter inneverande sesong.
sport

Det bekreftar den italienske storklubben på nettsidene sine fredag.

Thorsby fullfører etter planen inneverande sesong i den nederlandske klubben sin, før han sluttar seg til Sampdoria. Men nordmannen kan ende opp i Italia allereie i januar dersom klubbane blir einige.

22-åringen har signert ein fireårskontrakt med den nye arbeidsgjevaren sin.

– Det er kjempedeilig. Det er ei frigjerande kjensle. Det gir meg ro. Eg er sjølvsagt veldig stolt og glad. Det er eit stort steg. Det er ein liga som passar meg veldig bra. Eg føler dette er eit veldig riktig steg for meg, seier Thorsby til VG om overgangen.

Thorsby har spelt for Heerenveen sidan 2014, då han vart henta til den nederlandske klubben frå Stabæk.

Sampdoria ligg på sjuandeplass i Serie A etter at 19 serieomgangar er unnagjort av inneverande sesong.

Den største profilen i klubben er den italienske spissveteranen Fabio Quagliarella.

(©NPK)