Graabak på andreplass etter sterk avslutning

Kombinertløpar Jørgen Graabak vart nummer to i Val di Fiemme i Italia etter å ha gått ut som nummer seks. Sigeren gjekk til Johannes Rydzek frå Tyskland.
sport

27-åringen frå Trondheim spurta inn til andreplass etter ein gnistrande sisterunde. Johannes Rydzek var raskast, mens Mario Seidl, som leia klart etter hopprennet, vart nummer tre.

Jarl Magnus Riiber vart nummer fire, mens Jan Schmid kom i mål på 9.-plass, eit drygt minutt bak vinnaren.

Riiber gjekk ut som nummer to, 39 sekund bak leiande Mario Seidl frå Austerrike. Den norske kometen, som har vore heilt overlegen denne sesongen, knappa tidleg inn på tida. Halvvegs var avstanden på 18 sekund, mens ein trio beståande av Jørgen Graabak, Johannes Rydzek og Akito Watabe følgde like bak.

Ut på den tredje av fire rundar vart trioen til ein kvartett, då Riiber vart henta inn. Dei fire sleit lenge med å knappe inn på Seidl, men verka meir interessert i kven som skulle dra gruppa. Det forstod NRK-ekspert Fred Børre Lundberg lite av.

– Det er litt unødvendig å drive å lure sånn og så bli nøydd til å spurte om ein andeplass. Det er litt bortkasta, sa han.

Men med ein dryg kilometer igjen klinte verkeleg Rydzek til, og fekk Jørgen Graabak på slep. Dei to henta inn Seidl. Rydzek vart for sterk i avslutninga, og dermed vart det ein kamp om andreplassen for Graabak.

(©NPK)