Fàbregas klar for Monaco

Cesc Fàbregas signerte fredag ein kontrakt på tre og eit halvt år med Monaco, etter å ha bestått legesjekken. Han forlèt Chelsea etter fire og eit halvt år.
sport

Medium har skrive at Monaco betaler nesten 100 millionar kroner for Fàbregas, men ei kjelde seier til nyheitsbyrået AFP at Premier League-klubben berre vil få prestasjonsrelatert kompensasjon.

På middelhavskysten møter 31-åringen igjen Thierry Henry, som han i byrjinga av karrieren spelte saman med i Arsenal. Henry har vore trenar for Monaco sidan oktober og slit med å få laget til å prestere. Den suksessvande klubben er for tida på nedrykksplass.

Både Henry og Fabregas forlét Arsenal til fordel for Barcelona, men sistnemnde vende tilbake til Premier League som Chelsea-spelar sommaren 2014. Han vart takka av som Chelsea-spelar i FA-cupkampen sist helg.

Monaco har allereie sikra betydelege forsterkingar sidan overgangsvindauget opna. Naldo vart henta frå tyske Schalke, mens den franske U21-landslagsspelaren Fode Ballo-Touré er kjøpt frå Lille for 11 millionar euro.

William Vainqueur, med fortid i Marseille og Roma, var òg på veg frå tyrkiske Antalyaspor, men han bestod ikkje legesjekken fredag, og den overgangen gjekk derfor i vasken.

Fabregas kan debutere mot Marseille søndag.

(©NPK)