Landslagssjefen tvilar på Northug-deltaking i Tour de Ski

Petter Northug responderer greitt på trening, men er ikkje aktuell til Tour de Ski slik situasjonen er i dag, seier landslagssjef Vidar Løfshus.
sport

Northug har sagt at han ikkje ville gjere krav på ein plass i Tour de Ski viss det er andre løparar som er kvalifiserte.

– Som Petter seier, han kan gå viss det opnar seg ei moglegheit. Det er mange løparar som har byrja å gå fort. Petter er ikkje der no, seier Løfshus til Aftenposten.

Landslagssjefen blir oppdatert om Northug gjennom sprinttrenar Arild Monsen. Til Adresseavisen opplyser Monsen at langrennstjerna gjev grei respons på trening.

Etter Gålå-rennene for knappe to veker sidan har Northug halde seg frisk og fått trent som planlagt. Neste helg går han sannsynlegvis i Sverige, samtidig som verdscupen blir arrangert i Davos (Sveits).

– Han er i Trondheim og trenar etter den planen vi har. Det går bra, og planen står ved lag og er at dette skal ende i at han går skandinavisk cup i Østersund neste helg, sa sprinttrenar Arild Monsen til NTB for kort tid sidan.

Resultata i Østersund blir viktig med tanke på uttaket til Tour de Ski.

– Eg har jo forventingar med tanke på sprinten. Eg trur han kan hevde seg viss han klarer å ta seg vidare frå prologen. Det er prologen som er det store hinderet. Vi veit jo at når Petter kjem til finalane, då er han heilt rå, seier Løfshus til Aftenposten.

Uttaket til Tour de Ski blir gjort etter verdscupen i Davos 15.–16. desember.

– Vi vil sikkert sende sprintarar dit. Og så får vi sjå om det er nokon som kvalifiserer seg ved å leie skandinavisk cup, seier Løfshus.

Tour de Ski går frå 29. desember til 6. januar.

(©NPK)