Haugesund beheld klubblisensen

Haugesund, HamKam, Jerv, Nest-Sotra og Strømmen har alle fått fornya klubblisensen i norsk toppfotball.
sport

Det stadfestar Norges Fotballforbund (NFF) på nettsidene sine fredag.

Dei fem klubbane måtte levere ekstraordinær rapportering, sidan dei rapporterte negativ eigenkapital tidlegare i år.

Det blir stilt krav til positiv eigenkapital for å halde på klubblisensen, og alle klubbane har fått forlengt lisensen etter siste innrapportering.

(©NPK)