Ada Hegerberg slått av Pernille Harder i britisk kåring

Den britiske avisa The Guardian har kåra danske Pernille Harder til den beste kvinnelege fotballspelaren i verda. Ada Hegerberg vart nummer tre.
sport

Den britiske avisa presenterte fredag for tredje gong si liste over dei beste kvinnelege fotballspelarane i verda.

Der har eit panel med 72 tidlegare spelarar, trenarar og journalistar frå heile verda stemt Pernille Harder til topps.

Norske Ada Hegerberg, som måndag fekk den prestisjefulle Ballon d'or vart nummer tre i kåringa. Australske Samantha Kerr vart nummer to.

– Med evna si til å stå opp mot andre spelarar, den tekniske dugleiken hennar og auge for mål er Harder truleg den mest komplette kvinnelege spelaren i verda, skriv avisa om Harder.

Hegerberg var tidlegare i haust nominert til både Uefas og Fifas pris som årets kvinnelege fotballspelar for 2017/18-sesongen. Der nådde ho ikkje opp. Men måndag vart stjernespissen frå Sunndalsøra altså kåra til den beste kvinnelege fotballspelaren i verda. Det var første gong at Gullballen ikkje berre vart delt ut til ein herrespelar.

Den norske 23-åringen har scora på bestilling for Lyon etter overgangen til den franske storklubben i 2014, og scora 53 mål førre sesong.


(©NPK)