Danmark kledd av i EM, Frankrike vann 23–29

Danmark er i ferd med å hamne skikkeleg på etterskot i handball-EM. Torsdag vart danskane rundspelt av vertsnasjon Frankrike før pause på veg mot 23–29-tap.
sport

Det stod 17–11 etter ein halvtime. Danmark hadde lenge ein heilsvart dag for keeperane. Dei hadde ein redningsprosent på ti første omgang. Då blir det ikkje anna enn tap mot eit så godt lag som Frankrike.

Danmark står med to poeng på tre kampar i hovudrunden. Neste motstandar er Russland, truleg det mest kapable laget i EM. Så Danmark ser absolutt ikkje ut til å komme seg til semifinale. Siste lag ut for danskane er Montenegro.

Frankrike tok eit pent steg mot semifinale før møta mot Sverige og Serbia seinare i hovudrunden.

(©NPK)