LSK Kvinner møter Barcelona i meisterligaen i fotball

LSK Kvinner vart trekt mot Barcelona i kvartfinalen i meisterligaen. Det blir revansjoppgjer for finalen i år når Lyon møter Wolfsburg.
sport

LSK Kvinner kom godt ut av trekninga. Barcelona har eit sterkt kvinnelag, men det kan ikkje måle seg med dei beste klubbane i kvartfinaletrekninga fredag.

– Vi kunne fått ein mykje verre motstandar enn dette. Dei tøffaste laga møter kvarandre. Det var iallfall fire tøffare lag som låg i potten. Barcelona blir kult, seier trenar Hege Riise til Romerikes Blad.

Likevel er det ein formidabel motstandar som ventar. Barcelona vann samanlagt 8-0 over skotske Glasgow City i åttedelsfinalen.

Draumemotstandaren Slavia Praha, som sensasjonelt er kvartfinaleklar etter å ha starta i kvalifiseringsrunden, møter Bayern München. Vinnaren av det oppgjeret blir motstandar for LSK eller Barcelona i semifinalen.

Fredag vart det elles klart at LSK har forsterka stallen med Therese Sessy Åsland, som kjem frå Røa.

Det ligg an til norske duellar i kvartfinalane når Lyon (Ada Hegerberg) møter Wolfsburg (Caroline Graham Hansen og Kristine Minde) og Chelsea (Maren Mjelde og Maria Thorisdottir) møter Paris Saint-Germain (Andrine Hegerberg).

Lyon tok sin tredje strake meisterligatriumf då Wolfsburg vart slått 4-1 etter ekstraomgangar i finalen i Kiev i mai. Ada Hegerberg scora i finalen og sette ny sesongrekord med 15 meisterligamål.

Slik blir kvartfinalane:

Slavia Praha (Tsjekkia) – Bayern München (Tyskland), Barcelona (Spania) – LSK Kvinner (Norge), Lyon (Frankrike) – Wolfsburg (Tyskland), Chelsea (England) – Paris Saint-Germain (Frankrike).

Første kamp går 20. eller 21. mars og returkampene ei veke seinare.

Semifinalar: Vinnar Lyon/Wolfsburg – vinnar Chelsea/Paris Saint-Germain, vinnar Slavia Praha/Bayern München – vinnar Barcelona/LSK Kvinner.

Semifinalane går 21./22. og 27./28. april.

Finalen blir spelt 18. mai på Ferencvaros stadion i Budapest.

(©NPK)