Jérôme Boateng: – Eg får ofte høyre apelydar

I sitt nye livsstilsmagasin «Boa» fortel Bayern Münchens stjernemidtstoppar Jérôme Boateng om fleire rasistiske hendingar opp gjennom karrieren.
sport

Tyskaren, som fredag vart utelaten frå Joachim Löws tropp til nasjonsligakampen mot Nederland, snakkar opent om sitt forhold til rasisme på fotballbana.

– Til liks med mange fotballspelarar har eg dessverre opplevd rasisme mange gonger, seier han i «Boa».

– Når eg varmar opp på sida av bana høyrer eg ofte tilskodarar lage apelydar frå tribunen, sjølv om eg har spelt så mange kampar for Tyskland, seier mannen som vann VM med Tyskland i 2014.

Boateng fortel vidare om fleire grove utrop, og han seier at hudfargen hans også førte til at han vart diskriminert då han var ungdom i Berlin.

30-åringen angrar på at ikkje meir vart gjort for å støtte Mesut Özil, som trekte seg frå landslaget etter VM i Russland i sommar. Arsenal-spelaren skulda forbundet for ikkje å støtte han mot rasisme og for å gjere han til syndebukk for VM-fiaskoen.

– Etter turneringa vart det klart for meg at vi på laget burde ha gjort mykje meir for Mesut, og støtta han sterkt offentleg. Det er ei skam at det ikkje skjedde, seier Boateng.

Det er ikkje første gong Boateng-familien fortel om rasistiske opplevingar. Broren Kevin-Prince har fleire gonger blitt utsett for liknande hendingar.

(©NPK)