U23-landslaget vende til siger over Sverige

Norges U23-landslag i fotball for kvinner låg under med to mål etter ein halv omgang mot Sverige, men vende til ein sterk 3-2-siger i Mjøndalen.
sport

Amalie Eikeland frå Arna-Bjørnar vart den store helten. Ho gjorde både 2-2-målet i det 73. minutt og vinnarmålet i nest siste ordinære kampminutt.

Sverige fekk ein god start då midtstoppar Sarah Suphellen frå LSK Kvinner var uheldig og sette ballen i eige mål før det var spelt fem minutt. Rebecka Blomqvist dobla den svenske leiinga etter snautt halvspelt første omgang.

LSK-spissen Sophie Haug reduserte før pause og starta den norske opphentinga som gav siger.

(©NPK)