Rosenborg med hat-trick i cupfinalar

Rosenborgs juniorlag i fotball slo Lillestrøm 3–0 på bortebane torsdag og sørgde for at klubben er representert i alle tre cupfinalane på herresida.
sport

Det blir finale mot Sogndal i G19-klassen 1. desember. Dagen før spelar Rosenborgs gutelag G16-finale mot Stabæk, og dagen etter spelar A-laget cupfinale mot Strømsgodset på Ullevaal.

Juniorsemifinalen i LSK-hallen var mållaus etter første omgang, men det vart vanskeleg for Lillestrøm då Oussema Ali vart utvist like før pause.

I andre omgang scora Mikael Tørset Johnsen og Erik Botheim to raske mål som langt på veg punkterte kampen. Rett før slutt sette Franklin Nyentue punktum.

Sogndal vann kvartfinalen mot Odd etter straffesparkkonkurranse og gjentok bedrifta borte mot Viking i semifinalen. Sjølve kampen enda 1–1 etter at Mathias Sundberg gav Sogndal leiinga, men Lasse Egeland utlikna for heimelaget.

Straffesparkkonkurransen vann gjestene 5–4.

(©NPK)