President Weah gjorde landslagscomeback som 51-åring

Liberias president og tidlegare fotballhelt George Weah gjorde tysdag comeback for landslaget. 51-åringen spelte nesten heile kampen i 1-2-tapet mot Nigeria.
sport

Kampen i Monrovia-forstaden Paynesville blei arrangert for offisielt å «pensjonera» trøye nummer 14, som Weah brukte i den strålande karrieren sin. I 1995 blei han kåra til årets spelar både i Afrika, Europa og heile verda.

I staden for å sjå kampen frå ærestribunen, slik det sikkert var meininga, kom Weah på banen som Liberias lagkaptein og viste glimt av gammal stordom då heimelaget yppa seg mot VM-deltakar Nigeria.

Weah fekk ståande applaus då han blei bytta ut 12 minutt før slutt, etter den første landskampen sin på 16 år.

Nigeria leidde 2–0 ved pause etter mål av Henry Onyekuru og Simeon Nwankwo, men Sherman Kpah reduserte på straffespark i 2. omgang.

Liberia er berre nummer 158 på Fifa-rankinga og dermed eitt av dei lågast rangerte afrikanske landslaga. Weah sette landet på fotballkartet i ein karriere der han spelte for klubbar som Monaco, Paris Saint-Germain, Milan og Marseille. Han var også innom Chelsea og Manchester City, og han er framleis den einaste afrikanaren som er kåra til årets spelar i Europa og verda.

Weah tok ein overlegen siger då han stilte som presidentkandidat i fjor.

(©NPK)