Messi føl etter Iniesta

Lionel Messi tar over som Barcelona-kaptein etter Andrés Iniesta. Han leiar laget for første gong i teljande kamp søndag.
sport

Det kunngjorde Barcelona på nettsida si fredag. Iniesta forlét klubben etter sist sesong. Han held fram karrieren i Japan.

Messi har vore visekaptein sidan 2015. Argentinaren står med 637 kampar for Barcelona. Dei har gitt heile 552 mål. Søndag spelar «Barca» den spanske supercupen mot Sevilla. Ligastarten kjem mot Alaves 18. august.

(©NPK)