Meir Palace for Hodgson

Roy Hodgson fekk fredag forlengt manager-kontrakten med Crystal Palace. Avtalen går no til våren 2020.
sport

Hodgson er eldstemann i Premier League denne sesongen. Han fylte 71 år torsdag, men er sugen på å halde på ei stund til.

Veteranen kom til Palace i september i fjor. Han fekk organisert laget og snudde ein dårleg trend. Det gav til slutt 11.-plass i Premier League.

Hodgson var engelsk landslagstrenar nokre sesongar, men måtte gi seg etter tapet for Island i EM i 2016.

(©NPK)