Jakob Ingebrigtsen tok sølv på 1500 meter i U20-VM

Jakob Ingebrigtsen målte seg mot tøffe konkurrentar og slo til med eit knallsterkt sølvløp på 1500-meteren under U20-VM i friidrett i Finland.
sport

George Manangoi frå Kenya tok gullet, men måtte jobba hardt for det. Manangoi vann med tida 3.41,71 mot Ingebrigtsens 3.41,89.

Justus Soget sytte for kenyansk bronse.

Ingebrigtsen-medaljen er unik for norsk friidrett. Det er første gongen at ein nordmann er på pallen i ei rein løpsøving i junior-VM. Tidlegare har det blitt tre norske medaljar på korthekken. I førre U20-VM blei Jakob Ingebrigtsen som 15-åring nummer ni på 1500 meter.

Ungguten møtte tøff motstand i finalen torsdag. Han kom til finske Tammerfors med ei bestenotering som var svakare enn den Samuel Tefera, Justus Soget og George Manangoi hadde. Likevel greidde han å ta heim ein imponerande medalje.

Sondre Juven frå Nes hamna på 8.-plass med tida 3.45,40.

Ingebrigtsen skal også springa 5000 meter under U20-VM. Det største målet hans i år er senior-EM i Berlin i august.

(©NPK)