Warholm like bak norsk rekord på 400 meter

Karsten Warholm tok nesten noregsrekorden på 400 meter i eit løpestemne på Bislett stadion tysdag kveld. Amalie Iuel vann 400 meter for kvinner.
sport

Warholm klokka inn på 45,14 på 400 meter i løpestemnet til Oslo friidrettskrets. Det er den nest beste tida av ein nordmann nokon gong. Warholm har sjølv rekorden med 44,87.

Hekkeløparen brukte stemnet som opplading til EM i Berlin i august.

Amalie Iuel vann 400 meter for kvinner med tida 53,19.


(©NPK)