Uheldig Weng må stå over Oslo Skishow

Langrennsstjerna Heidi Weng (26) stiller ikkje til start i rulleskirennet i Holmenkollen torsdag.
sport

Bakgrunnen er at ho har falle på rulleskimølla og slått seg.

Frå den norske langrennsleiren vert det meldt at Weng er heil og fin, men at ho tar det med ro og vel å stå over Oslo Skishow.

Der stiller dei fleste norske eliteløparane i kombinert og langrenn til start. Forutan ordinære rulleskikonkurransar i kombinert og langrenn skal det gåast 100 meter supersprint torsdag kveld.

(©NPK)