Manchester United toppar igjen pengeliste

Manchester United tronar for andre året på rad på toppen av magasinet Forbes liste over dei rikaste fotballklubbar i verda.
sport

United er verdsett til 4,123 milliardar amerikanske dollar, tilsvarande rundt 33 milliardar norske kroner. På fjorårets liste var verdien sett til 3,69 milliardar dollar.

Meisterligavinnar dei tre siste sesongane, Real Madrid, følgjer nærmast United. Den spanske hovudstadsklubben har ifølgje Forbes ein samla verdi på 4,088 milliardar dollar

Barcelona og Bayern München er nummer tre og fire.

Manchester City er den nest høgast rangerte Premier League-klubben på femteplass.

Arsenal (6.), Chelsea (7.), Liverpool (8.) og Tottenham (10.) er alle inne blant topp ti.

(©NPK)