Klart for den første NM-veka

For første gang i norsk idrettshistorie har fleire særforbund gått saman for å arrangere ei felles NM-veke. Meisterskapa går frå 15. til 19. august i Rogaland.
sport

– Vi gler oss veldig til å kunne arrangere den første NM-veka. Vi håpar det skal utvikle seg til å bli ein tradisjon sommar og vinter. Vi er veldig glade for at NRK og Norsk Tipping er med på å gjere denne satsinga mogleg, seier Karen Kvalevåg, generalsekretær i Norges idrettsforbund.

Det skal kårast NM-vinnarar i 23 idrettar og delast ut åtte kongepokalar på fem dagar.

– Det kjem til å bli fantastiske dagar i Stavanger-regionen med mykje bra idrett og fem dagar fullstappa med masse gode prestasjonar. På ettermiddagane vil det vere mogleg for barn og unge å prøve nokre av idrettane, dette vil gå på rundgang i Sandnes, Randaberg, Sola og Stavanger. Vi håpar sjølvsagt også på god publikumsoppslutning, seier Ingrid Haukvik-Jensen, prosjektleiar for NM-veka i Norges idrettsforbund.

NM-veka skal vere eit idrettsarrangement der alle slags idrettar kan delta, og i år får du sjå mange konkurransar direkte på NRK som du truleg aldri har sett på TV tidlegare. Blant anna skal det arrangerast noregsmeisterskap i droneracing, rullestolrugby, cricket, undervassfoto og kajakkpolo.

Konseptet har blitt adoptert frå Sverige som har arrangert sin versjon, SM-veckan, sidan 2009 med stor suksess. NRK og NIF har no sett verdien i å løfte fram dei mindre idrettane.

– Ved å samle mange idrettar, får vi fram mangfaldet i norsk idrett på ein super og spennande måte både for publikum og TV-sendingane, seier Haukvik-Jensen.

(©NPK)