VM-dommar bad om kampfiksingspengar, utestengt på livstid

Fotballdommaren Fahad al-Mirdasi frå Saudi-Arabia er felt for forsøk på kampfiksing. Han var utteken og skulle dømma i VM i sommar.
sport

Al-Mirdasi blei fjerna som dommar i den saudiarabiske cupfinalen mellom Al Ittihad og Al Faisaly sist helg. Via WhatsApp skal han ha kontakta Al Ittihads klubbsjef Hamad al-Senaei og kravd pengar for å hjelpa laget til siger.

Al-Senaei kontakta fotballforbundet, som konfronterte dommaren. Han skal då ha lagt korta på bordet og tilstått korrupsjonsforsøket.

Saudi-Arabias fotballforbund var ikkje nådig. Karrieren til Fahad al-Mirdasi som dommar er dermed over i ein alder av berre 32 år.

– Dette er heilt uakseptabelt og brot på dei etiske reglane våre, heiter det i ein uttale frå fotballforbundet i landet.

Fifa har førebels ikkje teke stilling i saka.

– Vi merkar oss opplysningar om at Farhad al-Mirdasi skal ha blitt stengd ute på livstid frå fotballen, og vi har bede Saudi-Arabias fotballforbund om dokumentasjon, heiter det i ein uttale frå Det internasjonale fotballforbundet.

Det blei utnemnt ny dommar i cupfinalen berre nokre timar før avspark, og Al Ittihad vann finalen med 3-1-siger over Al Faisaly.

(©NPK)