Reichenberg rauk korsbandet

Alexander Reichenberg mistar ishockey-VM for Noreg. Landslagsspelaren har fått konstatert eit roke korsband og er ute av spel i seks til ni månader.
sport

Det opplyser 25-åringen sjølv til VG tysdag. Reichenberg pådrog seg kneskaden i den siste kampen denne sesongen for tsjekkiske Sparta Praha førre månad.

Han spelte for Noreg seinast under OL i Pyeongchang. Den tidlegare Lillehammer- og Storhamar-spelaren deltok også i VM i Paris i fjor.

Verdsmeisterskapen i år går i Danmark. Der må det norske laget greie seg utan Reichenberg. Noreg er i gruppe med Canada, Finland, USA, Tyskland, Latvia, Danmark og Sør-Korea.

Reichenberg seier til VG at han satsar på å vere tilbake på isen for ein norsk klubb i november.

(©NPK)