Overlegen Stoch vann i Lillehammer, Johansson nummer tre

Ingen kunne gjere noko med Raw Air-leiar Kamil Stoch i verdscuprennet i Lillehammer tysdag. Polakken vann suverent, mens Robert Johansson vart nummer tre.
sport

Dermed klarte Johansson å rive til seg ein pallplass på heimebane. Han enda likevel så mykje som 32,7 poeng bak den suverene Kamil Stoch, som med det auka leiinga i Raw Air-samandraget.

Dawid Kubacki fullførte ein polsk dobbel ved å bli nummer to.

Stoch leidde med nesten 15 poeng før finaleomgangen etter eit strålande førstehopp, og polakken innfridde i finaleomgangen med eit hopp på 141 meter. Det heldt til ein suveren siger føre landsmannen Kubacki.

Robert Johansson låg på femteplass etter den første omgangen, men hoppa seg opp to plassar etter at han landa på 136,5 meter i finaleomgangen.

Andreas Stjernen vart nest beste nordmann på fjerdeplass, mens Johann André Forfang vart nummer seks. Daniel-André Tande klarte òg å kare seg innanfor topp-ti med tiandeplassen sin.

Ein klasse for seg

Raw Air-leiar Kamil Stoch var suveren òg i den første omgangen tysdag. Han strekte seg til 140,5 meter frå ein avsats lågare enn dei andre og utan særleg oppdrift i bakken. Det gjorde at polakken leidde suverent med 153 poeng, 14,4 poeng føre andremann Kubacki.

Den avstanden vart berre større etter at dei hadde hoppa to gonger.

Stefan Hula var sistemann i den polske trioen på topp før finaleomgangen, men han makta ikkje å følgje opp i finaleomgangen og enda på ein niandeplass.

Hilde hoppa av

Johansson strekte seg til 137 meter i det første hoppet sitt. Det heldt til ein femteplass, mens Forfang følgde på plassen bak.

Stjernen på niandeplassen gjorde at det var fire norske hopparar innanfor topp-ti før finaleomgangen, men Johansson hadde 18,1 poeng opp til Stoch. Den avstanden var han aldri i nærleiken av å ta igjen i finalehoppet.

Halvor Egner Granerud, Sondre Ringen, Anders Fannemel og Marius Lindvik makta òg å kvalifisere seg til finaleomgangen. Dei enda til slutt på høvesvis 12.-, 22.-, 29.- og 30.-plass.

Tom Hilde, som hoppa avskjedshoppet sitt tysdag, klarte ikkje å kvalifisere seg til finaleomgangen. Han sette punktum med ein 39.-plass.

(©NPK)