Kombinert: Frenzel spurtslo Watabe, Graabak på femteplass

Tyskaren Eric Frenzel gjekk til topps under verdscuprennet i kombinert i Granåsen tysdag. Jørgen Graabak spurta om pallplass, men enda på femteplass.
sport

Jarl Magnus Riiber var Noregs beste etter hoppdelen, men sjukdom gjorde at han valde å stå over langrennet. Graabak gjekk ut på åttandeplass i sporet, 46 sekund bak Watabe i leiinga.

I mål var han 29 sekund bak vinnartida til Frenzel. Tyskaren gjekk ut 27 sekund etter Watabe, men henta inn japanaren og slo han i oppløpet.

Graabak hamna i ei større gruppe og spurta mot den tyske duoen Fabian Riessle og Johannes Rydzek om tredjeplassen. Riessle trekte det lengste strået og viste Rydzek til fjerdeplassen, mens Graabak måtte nøye seg med femteplassen.

Jan Schmid vart nest beste norske på ein åttandeplass, 39,5 sekund bak Frenzel. Deretter følgde Magnus Krogh på 11.-plass, Espen Bjørnstad på 20.-plass og Magnus Moan på 21.-plass.

Jens Oftebro kapra verdscuppoeng med sin 28.-plass.

Småsjuk Riiber

Riiber var beste nordmann etter hoppdelen, men sleit med sjukdom og var usikker til langrennsdelen. Det enda med at han gav seg etter hoppinga.

Ungguten hoppa 128,5 meter under litt tunge forhold i konkurransen tysdag. Han var misnøgd etter hoppet som heldt til ein sjetteplass.

– Det var absolutt ikkje det eg hadde håpt på. Eg er litt småsliten, eg var sjuk i går. Eg prøvde å skvise maks ut av hoppinga i dag, men eg kjenner at eg ikkje er heilt «kopla på». Ting går tregt. Det drog eg med meg over i hoppinga, sa Riiber til NRK etter hoppet.

Watabe i teten

Verdscupleiar Watabe strekte seg til 132 meter. Han leidde konkurransen føre austerrikarane Franz-Josef Rehrl og Mario Seidl. Rehrl gjekk ut 12 sekund bak japanaren, Seidl var 23 bak. Riiber på sjette var halvminuttet bak Watabe, men valde altså å droppe langrennet.

Nest best av dei norske var Graabak på ein åttandeplass. Han landa på 127,5 meter. Graabak var 46 sekund bak i sporet. Det same var landsmannen Espen Bjørnstad (129 meter), men han fekk det tungt i sporet.

Verdscuptoar Jan Schmid hoppa 123 meter under tunge forhold. Det heldt berre til ein tolvteplass. Han var knappe minuttet bak rivalen Watabe i sporet, men gjekk seg opp til åttandeplassen.

(©NPK)