Pizzi overtar VM-klare Saudi-Arabia

Juan Antonio Pizzi blei tysdag tilsett som VM-klare Saudi-Arabias tredje landslagssjef i fotball på like mange månader.
sport

Den 49-årige argentinaren er tidlegare Valencia-trenar. Han førte Chile til Copa America-tittelen i 2016, men trekte seg etter at laget mislyktest i VM-kvalifiseringa.

Det var nederlendaren Bert van Marwijk som førte Saudi-Arabia til VM-plass, men han trekte seg i september etter ein krangel med fotballforbundet i landet om kontraktsvilkår.

Argentinaren Edgardo Bauza blei tilsett som etterfølgjaren hans, men han fekk overraskande sparken førre veke. Det skjedde etter nokre skuffande resultat i landskampar.

Pizzi var i den aktive karrieren sin spiss i fleire spanske klubbar, deriblant Barcelona. Han får oppgåva med å førebu Saudi-Arabia til VM og leidde laget i Russland neste sommar.

– Vi ville ha Pizzi på grunn av hans tidlegare bedrifter og ambisjonane hans for framtida, sa Saudi-Arabias fotballpresident Abdel bin Mohammed Ezzat.

– Vi vil gjere alt for å støtte han under førebuingane til VM.

Pizzi skal representere Saudi-Arabia under fredagens VM-trekning i Moskva.

(©NPK)