Olympiakos-presidenten skulda for kampfiksing

Presidenten i fotballklubben Olympiakos er blant 28 personar som må møte i gresk rett skulda for kampfiksing.
sport

Både Vangelis Marinakis og den tidlegare presidenten i Hellas' fotballforbund, Giorgos Sarris, er ifølgje lokale medium mistenkte for å ha danna ein kriminell organisasjon.

Føremålet skal ha vore å manipulere resultat i fotballkampar, skriv nyheitsbyrået AP.

Blant dei andre mistenkte er tidlegare medlemmer av fotballforbundet, tidlegare dommarar, tidlegare trenarar og spelarar og klubbeigarar frå Levadiakos og Atromitos.

Dato for rettssaka er ikkje bestemt, men juristane meiner at saka kan vare i fleire månader, skriv nyheitsbyrået DPA.

Dersom Marinakis og dei andre blir funne skuldige i kampfiksing, risikerer dei opptil ti års fengsel.

Norske Omar Elabdellaoui spelar for Olympiakos på øvste nivå i gresk fotball.

(©NPK)